For første gang vart Eikefjord dagane velsigna med godveir heile helga. Dei få regndråpane som kom med søndag reknar vi med som godveir. Alle dagane var det mykje kjentfolk å finne. Ein kar frå Florø sa at han kom i Eikefjorden og trefte naboen som han ikkje har hatt tid å snakke med på lenge, her var det god tid å slå av ein prat og hygge seg.
Han har funne det Eikefjordingen prøver å vise - Det gode liv.
Det skal også delast ut mange roser til dei frivillige, alle frå dei som har stått eit par timar vakt til dei som har stått på nesten 24 timar i døgnet siste veka og vel så det.
Fredagen åpna Heidi Grande Røys som var i toppslag Eikefjorddagane og la med Grunnsteinen, saman med Arvid Sørbø, til det nye servicehuset på Miljøstranda. Derfrå var det rett til kakebordet i Allhuset og kunstutstilling i GalleriE på Skogsholmen. Kyrkjekonserten til Koriander vil bli huska som det store høgdepunktet dette året. Kvelden vart avslutta med galskapen som eikefjordingen også vil vise - fri tolking av Svanesjøen.
Lørdag strømde folk til frå alle kanter. Det var folk i alle kroker rundt om i sentrum og i salgsbodene var det stor pågang. Som vanleg er det mange aktiviteter, spesielt for den yngre garde. Eg rekk ikkje rundt til alle, seier ei mor, lyt nok komme igjen i morgon.
Ut på dagen vart det arrangert strandvolleyballturnering. Mykje folk tok seg turen bortom miljøstranda og fekk mang ein god latter, men også en del god volleyball. Heimesjukepleien tok ein klar seier i beste drakt og i tillegg tok dei supporterprisen, i volleyball rauk dei desverre ut i første kamp. Fotballgruppa og volleyballdamene var dei to som spelte seg fram til finalen, og gutta var eit bitte lite hakk bedre enn jentene.
Seiare på kvelden spelte Spik Adel opp til dans og godt over 300 hadde funne fram danseskoene og svinga seg inn i dei små timer,
Søndag er det tradisjonelt mindre folk i sentrum, men dei som kom kosa seg i det litt kjøligare veiret. Bondelaget som har ein heil bondegård med dyr og maskiner laga til konkurranse i rundballtrilling. Bjørn Øren vant med nokre få tidelers margin, medan Bodil Øren vant dameklassa.
Idrettslaget gav gåvekort til 4 som hadde skreve seg inn i bøkene på Strandanipa, Nipevatnet, Blånipa og Vikanipa. I tillegg fekk Hilde Ellingsund gavekort for sine 81 besøk på desse toppane sidan forige Eikefjord dagar. Dette var suverent mest. Vidare delte Idrettslaget ut pris for beste idrettsutøver under 18 år. Mats Hovland fekk denne prisen for sin innsats i skiløypene på Humlestøl, men aller mest for sin innsats på fotballbana. Han er med på sone både i sin eigen klasse, men også i klassen over. I tillegg spelar han sjølvsagt fast på heimelaget og er nesten alltid å sjå på fotballbana.
Grendalaget delte ut Eikefjordprisen, denne gjekk i år til det du nett no sit og les på - eikefjord.net. Odd Asle Endestad kunne glad motta prisen, som er tildelt for framifrå arbeid med og drift av nettstedet.
Søndagen vart avslutta med Gudstjeneste på Miljøstranda.
Følg med vidare, bilder blir lagt ut i bildearkivet seinare i veka.
Floranett.no har alt lagt ut bilder.