Som ein høgtideleg avslutning på Eikefjord dagane blir det delt ut forskjellige priser. Nokre får pris for trimturer i fjellet, medan andre får premier for deltaking på forskjellige aktiviteter under Eikefjord dagane.

Den gjevaste prisen er Eikefjordprisen. Denne blir delt ut til enkeltpersoner, lag, organisasjoner eller bedrifter, som i ord eller handling har medverka til positiv utvikling for Eikefjord. I år gjekk prisen til Elisabeth Ellingsund og Ragnhild Høyset for den dugnadsinnsatsen dei legg ned både for Eikefjord dagane og andre arrangement i bygda. Det er alltid eit ja når desse to blir spurt om å hjelpe til.

Begge to trekte fram at utan mange hjelparar kunne dei ikkje ha mottatt denne prisen og takka alle som er med å hjelpe til.
Grendalaget fekk også ros for sitt arbeid. Uten Grendalaget sitt arbeid hadde det ikkje vore mykje av alt det positive som no skjer i Eikefjord.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2