Grendalaget går hardt til verks og gjer slutten av april til sin. 24. april kallar dei inn til "Myldremøte" i Allhuset der dei vil legge fram idear og ikkje minst motta idear til kva dei skal jobbe med framover.
Laurdag den 26. treng dei 8 - 10 personar til å legge heller på miljøstrand. Det er piren mot båthavna som skal helleleggast.
Onsdag 30. er det den årlege ryddesjauen. Då skal bygda gjerast klar for sommaren.