20090417-250-brann002Like etter kl 15 i dag gjekk brannalarmen i Eikefjord. Ein kar kom innom verkstedet til Havn og ga beskjed om at det rauk i eit uthus på Sørbøen. Brannvesenet konstaterte fort at det var brann og slo alarm.

Først konsentrerte Brannvesenet seg om å sløkke brannen i graset rundt uthuset. Det brann godt i det tørre graset og spredning til andre hus i nærleiken var stor. To brannmenn benytta pisker til å holde brannen i sjakk til vatn var oppkobla. Når grasbrannen var under kontroll gjekk dei over til å sløkke branne i uthuset.

Uthuset var eit av dei gamle husa på Sørbøen som no gjekk tapt. Dette var stabburet til vertshuset som låg her i eldre dager. Ein kan sjå restane av dei lafta veggane som er brannskada.

Det brann godt i graset ovanfor Stabburet.

20090417-515-brann011

Politi og brannvesen var på plass. Etter ein halvtime hadde brannvesenet kontroll. Det var ikkje fare for spredning mot gamle bakeriet, kirka eller løa som står litt lengre oppe i bakken.

20090417-515-brann014

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2