Etter ei omfattande høyringsrunde i Eikefjord kjem no kultursjefen med framlegg til namn på 17 vegparsellar i Eikefjordsfområdet. Dette er eit ledd i namnsetting av alle vegar i Flora Kommune. Framlegga på dei 17 vegane blir no sende utatt på ei ny høyringsrunde, og merknader skal sendast inn til Flora Kommune, postboks 13, 6901 Florø eller til [email protected] innan 5.juni.

På eit møte tidleg i haust skal Kultur- og oppvekstutvalet gjere endeleg vedtak om vegnamna, og når det er gjort vil alle hus/eigedommar frå sitt vegnummer og så kjem skilta opp.

Kultursjefen har  hatt følgjande prinsipp for namnsetjinga:

I hovudsak tar vi utgangspunkt i gamle stadnamn som folk kjenner att og lett kan orientere seg etter.
Namna skal vare i all framtid og vi går derfor ikkje inn for namn som har dukka opp meir situasjonsbestemt og  har ein bakgrunn som vil vere kjend i ei bestemt tid.
Vi tar utgangspunkt i godkjende og kjende skrivemåtar.
Ikkje alle område får ”-vegen” i slutten av namnet, vi brukar òg områdenamn, som t.d. ”Hamna”.
Vi kan ikkje bruke namn som alt er i bruk andre stader i kommunen, det kan skape mistydingar og farlege situasjonar i ein krisesituasjon.
Namn er viktigast for dei som skal finne fram til staden og vegen, ikkje dei som bur der.

Adresseparsell 01 Kvalvika
Godt innarbeid namn som ikkje kan mistydast.

adresse01


Adresseparsell 02 Kvalvikdalen
Også eit innarbeid stadnamn som det er lett å orientere seg etter. Stadionvegen kunne vore aktuelt, men då det alt er ein veg i Flora Kommune som heiter dette, kan vi ikkje gå inn for deette namnet.
adresse02


Aresseparsell 03 Hamna
Godt innarbeidd namn  som er dekkande for området.
adresse03


Adresseparsell 04 Hovlandsvegen
Hovland veit alle kor er, og dekker mesteparten av strekninga. Det finst ein del sidevegar som kunne kvalifisere til eigne namn, men vi har valt å halde oss til eit felles namn her for ikkje å dele opp for mykje og skape forvirring. Det er ikkje vanskeleg å gje husa nummer mot Hovlandsvegen med god merking.
adresse04


Adresseparsell 05 Risentunet
Her er fleire namn aktuelle. Smiebakken er eit gammal og tradisjonsrikt namn på nedste delen og kan godt dekke heile vegen. Øvrebø er øvste delen, endepunktet på vegen og Øvrebøvegen kunne godt vore aktuell. Risetunet er godt innarbeidd i bustadfeltet, og har òg bakgrunn i eit gardsnamn. Vi endar opp med foreslå dette namnet, under tvil.
adresse05



Adresseparsell 06  Knapstadbakkane
Dette er eit namn som alle lett kunne orientere seg etter og har ein solid tradisjon. Dalvegen  eller Dalen er òg eit brukt namn, men dekker kanskje vidare og ikkje så lett å orientere seg etter. Mange har gjort framlegg om Vimpelvegen, men dette er eit situasjonsbestemt namn som vi sterkt vil frårå.

adresse06


Adresseparsell 07 Knapstad .
Omfattar garden Knapstad med sine vegar på nordsida av riksvegen.
adresse07


Adresseparsell 08 Brekka
Dette er gamlevegen som endar på Brekka på Toppen, rett nok som gangveg på slutten. Brekka er utgangspunkt for namnet, og Brekka-garden må ha dette som adresse sjølv om det er avkøyrsle direkte til riksvegen. Vi forlengar altså denne parsellen litt i høve til det opphavlege framlegget.


adresse08Ka08.1 Kartet er ikkje oppdatert ned forlengelse opp på Brekka


Adresseparsell 09 Vikavegen
Dett er kanskje den vanskelegaste parsellen. Parsellen går heilt til krysset i Barlindbotn frå sentrum, og sjølv om det er eit vegkryss på vegen (vegen til Svardal/Steindal), vil det vere kunstig at vegen skifter namn der. Vi har teke utgangspunkt i at vegen passerer fleire stader som har ”vika” i seg. Om ein er knytt opp til ein veg med nummer, er det elles ikkje noko i vegen for å bruke eit eit gardsnamn som mellomadresse, t.d. Rimma.
adresse09


Adresseparsell 10 Indrebøvegen
Vegen endar på Indrebø og omfattar òg Allhuset og omsorgsenteret. Eit gammalt, innarbeidd namn.
adresse10

 


Adresseparsell 11  Skaret
Godt innarbeidd namn
adresse11

 


Adresseparsell 12 Sørgard
Innarbeidd namn på det opphavlege bustadfeltet.
adresse12

 


Adresseparsell 13 Reina
Vi vurderte å la dette feltet henge saman med Sørgard, men fylkesmannen meinte det blir for mange vegar knytt opp til same namn. Området kunne ha vegnamn med ”Sørgard” i seg, nedre eller nordre, men vi har valt å ta utgangspunkt i eit gammalt stadnamn som knyter seg til landskapet, vegen og husa ligg langs ei reine. Eit fint namn som raskt vil kunne bli innarbeidd.
adresse13



Adresseparsell 14 Storevika
Tar utgangspunkt i stadnamnet.
adresse14



Adresseparsell 15  Svardalsvegen.
Endar i Svardal (Svardalsosen), og eit endepunkt med såpass tyngde er det lett å orientere seg etter.

Adresseparsell 16 Osa
Namnet på området.

Adresseparsell 17 Steindalsvegen
Same argument som for nr 15.
adresse15-16-17


Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2