
Sidan strandpromenaden vart bygd har det vore planlagt at det skulle lagast til hellelagde plassar så ein kunne sette seg ned og nyte den flotte utsikta. Fredag starta dugnaden med å støype fast kantsein på plassane. Utover lørdag har så forskjellige dugnadsgjenger lagt heller på desse plassane. Fint blir det.
Legging av kantstein på fredags ettermiddag

Første steinen er viktig

Mange tunge løft og mykje planlegging før ein er fornøgd med plasseringa av steinen.

Første plass snart ferdig