Høgreleiar i Flora, Berit Seljeseth Osa, kjem med krav om at naudsamband og radiodekning i Sundefjellstunnelen, må komme på plass før fylket overtek riksvegane. Sjøl om Sundefjellet har dekning for mobiltelefon er dette ikkje bra nok i ein naudsituasjon, særleg fordi der er passasjar der mobildekning er fråverande eller svært dårleg.