Bestemorlauget med Maja Fraas, Ingvild Malkenes og Marit Agledal arrangerte Tysdag 8.des bakedag med dei eldre på omsorgshus A.
Kakesortane Mor Monsen, Sirenakake og Kromkake vart baka med god hjelp av dei eldre, og dei var så effektive at ein måtte lage endå ei kakedeig, kokoskake. Fleire av bebuarane var møtt opp på kakebakinga, men ikkje alle deltok i bakinga, heller på kakesmakinga! Det var ei hyggelig stund med julemusikk og bakelukt. Bestemorlauget har gjort ein god innsats for å fylle opp kakeboksane til dei eldre til jul!

