Torsdag 13. 20121119-250-garnessdesember kjem tvillingduoen Garness til Eikefjord for å halda julekonsert. Deira kritikarroste juleplate Barnet i krybben blei av Dagbladet omtalt som "årets beste norske juleplate", og står dessutan på Bjørn Eidsvåg si "Det blir ikkje jul utan..."-liste. Søstrene Ingelin Reigstad Norheim og Hildegunn Garnes Reigstad framfører både gamle velkjente og nyskrevne julesongar leikent og med stort engasjement, og skapar saman med sine tre dyktige medmusikanter på tangentar, trommer, bass og banjo eit rikt og stemningsfullt lydbilete. Sjølve trakterer søstrene ulike gitarar, mandolin, klokkespel, autoharpe, marxophone, blokkfløyte og perkusjon.

Garness har opptredd i TV-program som Beat for Beat, Kjempesjansen og Kronprinsparet sin julekonsert frå Slottet i fjor. Dei er kjende frå samarbeid med Marit Larsen, Odd Nordstoga, Sigvart Dagsland, Elvira Nikolaisen og Oslo Gospel Choir; i konsertsammenheng, på innspelingar og på skjermen. Duoen har elles også gitt ut albumet The Good or Better Side of Things. No ser dei fram til å besøka Eikefjord for fyrste gong og håpar på fullsett kyrkje.

Sagt om albumet Barnet i krybben i norsk presse desember 2009:

De behager, de appellerer til ens indre julemelankoliker, og de pirker forsiktig borti konvensjonene.

Årets beste norske juleplate. (Dagbladet) 5/6

Gjennomført nære, ujålete og høytidsstemte (Vårt Land) 6/6

Det er bare å bifalle, for dette er juleplata si. Det låter hjemmelaget, på den gode måten. (Stavanger Aftenblad) 5/6

En av sesongens fineste i sitt slag (Dagsavisen) 5/6

Bortenfor glittertunge høytidssalmer og klissen julepop har søstrene Ingelin og Hildegunn laget en perle av en juleplate (Agenda 3:16) 5/6

Det er musikalsk varme her som gjør godt (Dagens næringsliv) – omtale uten rangering

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2