Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane vil ha svar på kva som låg til grunn då Olje- og energidepartementet før jul gjekk inn for å flytte kraftlinjetraseen slik at den blir liggjande tett inntil skule og busetnad i Eikefjord.
– Det kan sjå ut som at kraftlinjetraseen i Naustdal og Eikefjord ikkje har blitt endra ut frå heilskapsomsyn, men av omsyn til einskildinteresser, seier fylkesleiaren til Firda.