I år kastar Veikingkonvoien loss for vistnok 17. gong. Nok ein gong har presset frå Florøfolk, Værlendinga, Eikefjordingar, Ålfotingar og andre føter gjort at ein rustar seg til landets største båtkonvoi!

Flott anledning for eikefjordingar å kaste loss i helga! Bli med du og!

 

Fredag. 28. juni tek Veikingkonvoien turen til Askrova (bilete) og på laurdag går ferda vidare til Rognaldsvågen!

 

 askrova 250

Veikingkonvoi fredag

På fredag held butikken på Askrova langope og opnar 08.30 laurdags morgon. Puben er sjølvsagt også open. Den held 20 års aldersgrense og har cover på inngang. Puben opnar kl. 18.00 og stenger når Punch entrer scena kl. 22.00.

Kl. 22.00 entrer Florø bandet Punch scena på kaia og rockar opp stemninga med kjende norske hits som Forelska i læraren og Splitter pine og anna kjekk musikk som får dansefoten til å krible! 

Praktisk info: Ein har kortterminal (men ein kan ikkje ta ut penger). Det vert sal av grillmat på kaia - Pris på dansebilett er same som for 2 år sidan; 100 kr før kl. 22.00 og 150 kr. etter. - Røde kors personell med førstehjelpsutstyr med eigen båt vil vere på plass.

Konvoien dreg frå Florø kl 18.00 og er på Askrova kl 19.30, så då er det for eikefjordingane å hive seg med på halvvegen frå Oddane.  For dei som ikkje kjem i eigen båt så går det går rutebåt i frå Florø kl. 14,30, 16.00 og kl. 20.00. Ein anbefaler folk å ta den første, uansett - ver ute i god tid! 

Tilbake etter dansen på kaia er det null stress, Havskyss går inn igjen til Florø kl. 01.00 - den går fram og tilbake mellom Askrova og Florø til alle som vil har fått landfast jord under føtene.

 Askrova bygdelag gler seg til å få besøk av mange glade veikingar! :)

 

askrova kart

På fredagen startar ein som vanleg fra Florø vika kl 18:00. Ein går til gjennom Ausa/Fyresunde strake vegen til Askrova. Eikefjordingane hiv seg med på halvvegene frå Oddane, Laudagen fer ein på nordsida av Askrova til Rognaldsvågen.

 

Fredag 28. juni:

1800: Samling på Florevika ,rens av forgassar og slikt, samt Revelje-Avgang

 

1930: Askrova

Konvoiavgifta

T-skjorter

Sal av mat og Hansa-brus

 

2200: Dans med Punch!

Grillmat og slikt

 

2500: Song og spel i gavl og kratt

Laurdag 29.juni:

0855: Revelje, frukost, hamstre på butikken

0900: Sortering av mjølkeglas, dieselfilter, solkrem og kaviar

1200: Revelje – avgang

1400: Landkjenning, Rognaldsvåg

Velkomst, musikkinnslag

Song og spel

Matservering i grendahuset

Kulturelle innslag

 

2100: Dans med Per Bolstad! lettare servering

2500: Jag vill ha dig!

Søndag 30. juni:

0855: Revelje

1100: Høgmesse (hugs radio!) –heimreis

 

Vyrde Veiking!

I år kastar Veikingkonvoien loss for vistnok 17. gong. Nok ein gong har presset frå Florøfolk, Værlendinga, Eikefjordingar, Ålfotingar og andre føter gjort at vi rustar oss til landets største båtkonvoi!

Fredag dreg vi ut til idylliske Askrova. Grendalag og handelsmann stiller med kaier og flytebrygger, pub og grilltelt, og kveldsopen butikk. Florøbandet Punch spelar opp til kaidans., så her er det duka til dans og fest langt ut i dei små timar. Sjølvsagt blir det servert kulinariske gleder for strupe og mage til langt på natt! Hugs Brylcreme og Stomatol!

Laurdag vaknar vi sjølvsagt til strålande solskin! Etter sortering av dieselfilter, mjølkeglas, solkrem og kaviar, dunkar vi oss vidare til Rognaldsvågen der bygdefolket tek vel i mot oss. Her skal vi nyte det late liv; preike med gamle kjende, spele gitar og synge åndelege songar. I grendahuset vert det servering av mat og drikke -med smakebitar av kveldens dansemusikk og underhaldning.

Utover kvelden vert det grilling og dans. Per Bolstad m/fl. syter for variert og fin dansemusikk for vaksne.

I god Veikingstil vert det ikkje hamneavgift nokon stad. På Askrova kostar dansebilletten kr 100,- /kr 150,- e.kl. 2200,

i Rognaldsvågen er prisen kr 100,- / kr 200,- e. kl. 2200.

Dette har alle råd til å betale!

Som vanleg er det grendelaga og lokale eldsjeler som gjer alt arbeidet. Vi i konvoileiinga er nøgd med rosande omtale -og eit kyss på kinnet eller ein annan stad. Elles er det sjølvsagt viktig for oss at konvoien går fint føre seg, utan slåsting, båtfyll og anna farkeskap. Avgifta, kr. 9,- pr. båt (=brevporto) betalar du på kaia. Båtar over 30 fot betalar dobbel avgift, men trøysta får vere at kajakkar går som B-post!

Hugs å kjøpe T-skjorte !!! Støtt dei veike!! Veeel møøøtt!!

 

Sjå facebook her og her.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2