Eikefjord spelte søndag20140406-250-team seriefinalen mot Frøya i Svelgen. Frøya fekk mange tre poengare og skaut seg dermed til seier. Uner korga og spel mann mot mann var Eikefjord vel så gode som motstandarane, men til slutt stod det 67 - 79 på poengtavla.

Det vart ein fin 2. plass i 3. divisjon og direkte opprykk til 2. divisjon neste sesong med lag frå Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Laget er vel nøgde med sesongen og den sportslege framgangen med to opprykk på to år. Som det einaste basketlaget i Sogn og Fjordane er vi også litt stolte av å skape idrettshistorie.

Eikefjord var best under korga og plukka menge 2 poengara her. Her ligg ballen i nettet.
20140406-550-2poenger

Det vart også 3 poengar. Her er feiringa etter ei skoring som man berre får sjå "live" få ganger. Skudd i siste sekund over heie bana og rett i korga.
20140406-550-3poenger

Her set Dag inn eit straffekast.
20140406-550-dag

 

20140406-550-lag

2. divisjon i basket er det nest høgaste nivået i basketball, det er fem avdelingar. Eikefjord vil spele i avd. vest. Nivået er nok merkbart høgare enn i 3. divisjon, så vi vil nok slite med å komme over midten på tabellen. Vi vil nok sikkert ligge på nedre halvdel. Vi har jo eit ungt lag, men dei blir berre betre og betre, seier Dag. Målsetjinga blir å halde seg i 2 divisjon.

Les også Firdaposten og NRK S&Fj

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2