Fungerande ordførar i Flora, Jan Henrik Nygård (V), vil be om støtte til eit heilt nytt prosjekt på ein ny stad, når Flora bystyre møtest tysdag 13. mai med berre Eikefjord skule på sakskartet.
Det bør vere eit prosjekt utan meir brukarstyring. Det vil seie utan at verken foreldre, grendeutval eller skule får blande seg inn.
– Eg trur slik brukarstyring vil gjere prosjekt dyrare. I tillegg går det med ekstra tid. Vi bør heller overlate dette til proffane, entreprenørane som har gjort dette før, og lyse det heile ut som ei totalentreprise. Her finst heilt sikkert fleire ferdige prosjekt som kan overførast direkte. Dei må sjølvsagt passast til terrenget, seier Nygård til Firdaposten.