Elevar frå blandt aqndre Eikefjord skule deltek i kunstprosjekt som skal resultere i eit utstilling under Larrisfestivalen i Førde. Festivalen skal erstatte Sommarfesten, men målet er å sprenge kommunegrensene og lage ein festival som fleire har eigedomsforhold til.
Alle kunsverka skal stillast ut under taket på det nye rådhuset i Førde. Publikum kan by på nokre av kunstverka, og ein del vil også bli auksjonerte frå festivalscena. Inntektene skal gå til lokale trivselstiltak som elevane sjølve er med på å bestemme.