Grendalaget arrangerte dugnad, spesielt med tanke på å rydde opp på Miljøstranda og stranda nedanfor Omsorgsbustadane. Med god hjelp av traktorar til å ta grovarbeidet og mange ivrige med rake og andre egna verktøy gjekk ryddinga unna i høgt tempo.
Her er Brigt, John og Bjørn i ferd med å fjerne siste rest av bosset nedanfor Omsorgs-bustadane. No er alt bosset fjerna og stranda ser flott ut.
Dei andre som var på dugnad fekk fjerne boss og rydde på heile strekninga langs Strandpromenaden og på Miljøstranda. Stranda ligg der kvit og innbydande og ventar kun på sol, varme og badegjester.
Også i kiosken på Miljøstranda var det full aktivitet, kaffen var god å varme seg på og svelene var steika gode. Berre dei var verd dugnadsinnsatsen denne lørdagen.