Ein av Portugal sine største fado-songarar vitjar Noreg i samband med Fadofestivalen 2015. Du kan oppleve han i Eikefjord kyrkje onsdag 6. mai kl. 19.00.
Ricardo Ribeiro frå Lisboa vart tidleg fanga av fadoen og har gått gradene med undervisning og inspirasjon frå fadoens læremeistrar. Han syng i tradisjonell stil og er spesielt influert av legenda Fernando Mauricio. Det kommersielle gjennombruddet, kom i 2004 med den populære "Quando Se Gosta de Alguém", ein song på samleplata A Tribute to Amália Rodrigues. Seinare på året kom det første solo-albumet. Utgjevinga gav han den pretisjefylte utmerkinga Prémio Revelação Masculina da Fundação Amália Rodrigues i 2005. Etter enda to album og medverknad i to filmar er Ricardo Ribeiro ein stor profil i fado-verda og etterspurd som gjesteartist og samarbeidspartnar til mange musikalske prosjekt, både i og utanfor Portugal.
Vi er heldige som får oppleve denne songaren og musikarane hans på ei scene i Noreg. At vi i tillegg skal få oppleve det i Eikefjord er rett og slett unikt!
Det er Fadofestivalen som er arrangør, i lag med Eikefjord sokneråd og Eikefjord grendalag, og for kvar selde billett går 50 kroner til fleirbrukshallen.