Mange har lurt på kva trappa på Hovlandstøylen skulle brukast til. No er den på plass, bolta og sikra.
Som vanleg eit solid dugnadsprosjekt. Allan Tonheim ga vekk trappa og på Fjordpipe har dei brukt fritida på den. Bjørn Øren kjørde den opp på Hovlandstøylen der den har overvintra. Forige helg vart den slept inn mot Eikefjordstøylen av Hans Fjellestad og Odd Asle Endestad, eit blodslit, men trappa kom fram.
I dag, lørdag, blei den bolta og sikra så turgåarane kan komme seg sikkert ned hammaren utanfor Eikefjordstøylen. God tur. Det er lite snø igjen mellom støylane, så med gode tursko kjem du deg tørrskodd fram.