Det er i år uvanleg mykje snø i fjellet. Den vanlege ruta opp til Blånipa er endå snølagt. Etter oppfordring av lokalkjent blir ikkje Trimpoeng appen på Blånipa opna 1. juni.
Som ein ser av bilde ligg snøen i hallinga ovanfor Nipevatnet. Eit feilskjær her og ein kan havne utfor hammaren. Idrettslaget vil ikkje oppfordre nokon å gå i dette terrenget før det er snøfritt. Alt etter veir framover kan dette ta opp mot ein månad.
God tur på alle dei andre turmåla.