20110517-250-10017. mai feiringa starta tradisjonen tru på skulen med skulemusikken, tale av barna og sang før ein stilte opp i barnetog med kurs for kirka. Ein stopp på vegen ved omsorgstunet før ein fortsette vidare til kirka. Her var det kransenedlegging før gudstjenesta. Gudstjenesta var verd besøket berre med korsangen til Koriander og eit vidunderleg orgelspel av Lisbeth, og i tillegg fekk ein gode ord med seg av presten.

Etter preika var det mat å få på skulen og barn og vaksne var aktiviserte med leikar. Igjen fekk ein sang av Koriander før Per Øyvind Helle heldt ei tankevekkande tale for dagen. Deretter var det oppstilling i borgartoget som gjekk bortom miljøstranda og tilbake til skulen, før det heile vart avrunda med premieutdeling.

Nina leia dagen på vegne av 17. mai nemda.
20110517-525-003

Skulemusikken er alltid på plass og krydrer med flotte tonar.
20110517-525-001

Elevar i 8. klasse held tala for barna før barnetoget.
20110517-525-004

Elevane ventar spent bak sine faner før oppstilling i toget.
20110517-525-007

Mange hadde funne vegen til skulen for å delta i barnetoget.
20110517-525-008

5. klasse med kom meget godt ut av sangane dei framførte.
20110517-525-012

Barnetoget på veg gjennom sentrum.
20110517-525-019

Sjølvsagt måtte det komme ei skikkeleg regnbyge.
20110517-525-033

Ikkje alle hadde paraply, men kva gjer det når ein har andre løysingar.
20110517-525-038

Mange av beboarane på omsorgstunet hadde tatt turen ut for å oppleve toget.
20110517-525-042

Og det var eit fargerikt skue som stoppa opp og helste på dei eldre.
20110517-525-044

Reidar Høyseth hadde i år æra av å legge ned krans på minnestøtta ved kirka.
20110517-525-058

Koriander set alltid ein ekstra spiss på tilværelsen.
20110517-525-060

Som vanleg er det konkurranser og leik på skulen. Her heseskokastinga.
20110517-525-071

Bendik finsiktar med luftgeværet.
20110517-525-074

Kven er best med fisketroa.
20110517-525-087

Finsikting også på pilkast, sjølv om veggen rundt skiva også fekk mange hull.
20110517-525-090

Per Øyvind Helle med ei god og tankevekkande tale for dagen.
20110517-525-112

Borgartoget på veg gjennom sentrum.
20110517-525-127

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2