20110813-250-4h-002Eikefjorddagane er kjent for sine mange aktiviteter for barn, her representert med god kokkekunst på 4H standen

Her er samla ein del bilder frå mange av aktivitetane denne fantastisk flotte helga i Eikefjord.

4H leiren danna inngangen til både 4H aktivitetane og ei spennande samling av dyr.
20110814-525-4H-012

Ei lita kø med spente unger, men endeleg kom ein fram og fekk seg ei runde på hesteryggen20110813-525-hest-066

Geita til Hans har tatt turen frå Endestad Camping, eit populært innslag sjølv om horna såg litt skumle ut20110813-525-geit-007

Hønene var for anledningen i bur, men alikavel spennande20110813-525-hone-005

Tamendene, også frå Endestad Camping, på trygg avstand nede i bekken20110813-525-ender-067

Fiskekummane var også flittig besøkt, nokre vågde til og med ta på og stryke fiskane20110813-525-fisk-024

Luftambulansen var på plass og demonstrerte hjertestarter, alle fekk prøve20110813-525-hjerte-015

Veltepetteren til NAF var flittig besøkt av både barn og vaksne. 20110813-525-naf-022

Mange prøvde seg i hoppbakken, nokre stod fjellstøtt - nokre vart våte i buksebaken og nokre få fekk litt skrubbsår 20110813-525-hopp-032

Gravemaskina er like populær kvart år. Etter eit lite minutt opplæring handterer dei unge maskina heilt fint.
20110813-525-gravemaskin-036

Gråtass er det mest populære transportinnslaget. Her venter dei unge spent på neste tur og nokon ville ha med mor eller far for å vise kor kosleg turen var.
20110813-525-graatass-060

Også turen i brannbil var viktig å få med seg for ein framtidig brannmann.
20110813-525-brannbil-098

På stoppestaden for "Hyebussen" sat forventningsfulle barn og berre venta på å få komme inn og få seg ein tur ut på Hovland.
20110814-525-buss-008

Redningsselskapet var også på plass og tok turar på fjorden med Elias
20110813-525-elias-027

Borte ved Eikefjord Handel var det også aktivitet. Eige telt for Eiketegninger var sett opp og her vart Eike farga i mange variantar. Emma Loise Øren vart trekt ut som vinnar av tegnekonkurransen. Premien var eit årsabonement i Havhesten.
20110813-525-tegning-074

Her borte var også ansiktsmaling. Her ser det ut som det er ein sjørøver på gang.20110813-525-ansikt-072

I den andre enden av sentrum var det også aktivitet. Fint sommarveir fyller badestranda og enkelte tar turen ut på piren og hopper i sjøen.
20110813-525-stup-137

Og sjølvsagt møter ein på Eike som vandrer rundt og helsar på alle små.
20110813-525--eike-092

Ellers var det berre å spasere rundt og smile i kapp med sola.
20110814-525-smil-053

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2