Den populære Bremanger-gruppa Spik Adel skal stå for musikken i Allhuset laurdagskvelden. Gruppa spelar rock'n roll frå 70 og 80-tallet, så her skal vi få svinge dansefoten

 

Eikefjorddagane 2003

 

Enkel omtale av dei ulike hovudprosjekta

 

Fotoutstilling
Eikefjord Grendalag ynskjer å lage ei fotoutstilling i høve Eikefjorddagane. Vi har etablert kontakt med fotoarkivar Arild Reppen som vil gje oss rettleiing. Vi håper å kunne få til ei utstilling med ca 30 – 40 bilete. Vi vil leige eit lokale sentralt plassert i Eikefjord, med inngang frå gateplan. Eikefjord Grendalag håper at denne utstillinga kan verte ei permanent utstilling som og kan ha appell til tilreisande og turistar. Vårt ynskje er at denne utstillinga skal munne ut i ei større utstilling som med tida kan etablerast i ei av dei gamle sjøbuene. Dette er eit svært arbeidskrevjande prosjekt som vi håper å få med oss Sanitetlaget og andre frivillige på å realisere.

Kyrkjekonsert
Eikefjord Grendalag vil avslutte 1. dag av Eikefjorddagane med ein kyrkjekonsert. Samarbeidspart vil då vere Eikefjord sokneråd. Vi ønskjer å ha ein konsert som dreg publikum i alle aldersgruppe. Eikefjord Grendalag har vore i kontakt med fleire aktuelle artistar som vi trur har eit stort publikum og kan glede mange.

Ungdomsarrangement
I samarbeid med Eikefjord ungdomslag vil vi ha eit større arrangement på fredagskvelden i Allhuset. Eikefjord ungdomslag står for tida utan faste lokale. Vi trur det vil vere viktig for ungdomen at dei kan få ha eit større arrangement for å samle ungdom frå dei tilhøyrande bygdene i Eikefjord. Eikefjord Grendalag vil sjå om vi kan ha ei motevisning, med lokale ungdommar. Diskotek med innleige av DJ om kvelden.

Barnearrangement
Eikefjord Grendalag ynskjer å ha ulike aktivitetar på fredag, laurdag og søndag for barn i ulike aldersgrupper. Mellom anna skattejakt, fiskedam, brannbildemonstrasjon, komiker, ansiktsmålar og barneteater. Vi prøver å få med oss pensjonistlaget til å lage malar til små strikkbåtar. Vi skal sette opp ei vassklie som borna kan sende båtane i.
Vi ynskjer og å få laga malar til dragar som borna kan vere med og utforme sjølve. Vi vil prøve å få tak i ein dragebyggjar med erfaring på dette område. For å hente inn kompetansen på dette område kan "Dragefestival, Solastranda Stavanger" vere aktuell samarbeidspartnar.

Maritime aktivitetar
Eikefjorddagane vil bruke sjøen som ein sentral aktør denne helga. Sjøen har alltid vore sentral i Eikefjorden og spesielt på bukta og ”Kalveskinnshavet” vil der vere ulike aktivitetar. Det vil bli lagt ut flytebryggjer for å kunne ta imot tilreisande frå sjøsida, og det vil bli aktivitetar for store og små. Vi kan nemne rokonkurranse, rebusløp, flaskepost, visning av gamle badedrakter osb. Det vert og jobba med at forsvaret vert representert denne helga.

Marknadsplass
Sentralt i bygda vil vi plassere marknadsplassen. Dette vil verte hovudområdet under festivaldagane og vil pulsere med lokale utsillarar med sjømat, ulike heimelaga produkt, Norsk Gardsmat-utstillarar, lefse- og flatbrødbaking, osb.

Landbruksmesse
I tillegg til ei tradisjonell utstilling av maskiner og dyr, ynskjer vi å leggje til rette for ulike fagseminar. Eikefjord Bondelag og Skogeigarlag vil vere sentral i planlegginga og gjennomføringa av messa.

Dansearrangement
Bremanger-gruppa Spik Adel skal stå for musikken i Allhuset laurdagskvelden. Gruppa spelar rock'n roll frå 70 og 80-tallet, så her skal vi få svinge dansefoten.
Spik Adel har etterkvart fått mange fans her på Vestlandet. Gruppa vann Fylkestoppen i NRK Sogn og Fjordane i fjor med låta "Tear Stained Eye". Spik Adel er eit lokalt ord for den delen av trevirket som er metta av kvae, slik at det held seg like godt medan tida ruller vidare. Dette er eit godt bilete på musikken til Spik Adel. som er sterk vedvarende rock'n roll frå 70 og 80-tallet, med røter i folkemusikk, blues og moderne contrymusikk. [Meir om Spik Adel]

Stølsvandring
Søndagen vil vi ha folk til fjells. Vi har mange stølar som ligg ca 1 times gange frå sentrum. Stølane er eit fint utgangspunkt for kortare og lengre turar ut frå Eikefjord. Vi startar på Knapstadstøylen - Eikefjordstøylen - Hovlandsstøylen - Kvalvikstøylen. Det vert servering på støylane. På Hovlandsstøylen vert det gudsteneste kl. 15.00. Her kan ein tilby transport opp og ned for dei som ynskjer dette.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2