knapstad01_utsikt.jpgVi på Eikefjord skule synes det er viktig å gå på tur, det er bra for kroppen og helsa. Turglede-turane er lett å vere med på, slik som turen til jettegryta og Uravatnet laurdag 23. april. Dette er ein tur som går i noko bratt terreng, men også ein del bortover. Det er mange fine utsiktsplassar og mange stader det er fint å ta bilete. Då vi gjekk denne Turglede-turen var det litt vått på stien, men mest tørt.

 


Vi fekk fin utsikt til husa på Knapstad

 

 

 

 


Gåturen: I slutten på april var ikkje all snøen vekke, så nokre stader var det vått. Men heldigvis hadde det då vore lite regn eller snø i det siste så det var ganske tørt å gå likevel. Vi gjekk frå parkeringa, ved høgspentmastene, øvst på Knapstad. Stien til å begynne med var brei, som ein traktorveg.

Knapstad02 veg   Knapstad03 stiKnapstad04 sti

Vidare var stien for det meste lett å følgje, men nokre plassar var det også tett skog. Det var merka og skilta forskjellige plassar, det var skilta til «jettergryta» frå stien.

Les meir her: https://ut.no/turforslag/117211468/knappstad-til-jettegryta-urrabben-storfurua-yraskora-og-knappstad-rundtur

Jettegryta:
Ordet jette er det same som troll eller kjempe. Gryta til trollet er eit kult naturfenomen. Det er eit glatt sylindrisk hol i fast fjell. (https://snl.no/jettegryte)

Knapstad05 jettegryte   Knapstad06 jettegryte

På denne jettegryta er den eine veggen rast ut

Knapstad07_jettegryte.jpg

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Knapstad08 jettegryteJettegryter er skapt under istida då stein og grus vart satt i beveglese av elv under isen, rundt og rundt gjek steinane og slipte fjellet ned slik at det vart eit stort hol.


(bildekjelde: www.geocatching.com)

 

 

 

Hygge ved Uravatnet
Knapstad09 kos

Monica og Kristoffer som var turleiarar viste veg via jettegryta til Uravatnet der ein kunne sette seg ned for å ete og prate.

 

Det var kjekt å vere på tur, godt for kroppen og helsa. Håpar det kjem enno fleire for å bli på neste tur i Knapstadområdet til hausten, då vil vi besøkje ei anna jettegryte.

 

 

Vi takkar Monica og Kristoffer for turen!

 

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2