Nyheter 2022
Eikefjordsoga er oppdatert med fleire artiklar den siste tida. No er historia til dei fleste butikkane i Eikefjord før år 2000 komme inn på sida. Berre ein av butikkane mangler, men vil komme med så snart alle relevante data er samla inn.
Det er også lagt ut reportasje om Sundefjellstunellen og nokre reportasjer under fana "Diverse".
Etter planane har no NCC sitt asfaltverk på Nesjane ei veke igjen før dei stenger. Mange i Eikefjord gleder seg til nedstenging. Dei opplever store støvplager og luktplager, samt at verket har vore i drift også i helgane.
Onsdag tok Eikefjord IL i mot Haugen i returoppgjeret i sluttspelet i 6. divisjon på kunstgraset i Florø. Det sto om opprykk til 5. divisjon, og ein mogleg kretsmeisterfinale.
Haugen vann den første kampen 2-1, men Eikefjord slo tilbake og vant 2-0 i Florø.
Eikefjord er dermed klare for opprykk, men kan ikkje svare no om dei vil ta dette opprykket.
No skal dei konsentrere seg om seriefinalen mot Årdal 2. Den kampen går i Skeihallen på laurdag.
Eikefjord Idrettslag har nyleg teke over den daglege drifta av hallen i bygda.
– Hos oss fyller vi hallen med aktivitetar måndag til torsdag med eigne lag; fotball, handball, basket, saltrening, friidrett og så vidare.
Men når ein kjem til helga og fredag ettermiddag er det langt mellom øktene, seier leiar i idrettslaget Per-Øyvind Sørbø til Firdaposten.
No vil dei gjere det dei kan for å fylle opp dei ledige flatene.
– Det treng ikkje nødvendigvis vere eit idrettslag. Det kan vere ein vennegjeng som vil leige hallen og spele fotball frå fire til seks ein ettermiddag. Det kan vere klubbvenninner som vil ha trening, og det kan vere andre lag og organisasjonar som kan bruke hallen.