Kinn kommune og Vestland fylkeskommune hadde torsdag ettermiddag informasjonsmøte på Allhuset. Tema var det nye renseanlegget for drikkevatn i Eikefjord samt gang/sykkleveg og bruer i Hovlandsvegen.

Frå Kinn kommune stilte Frode Ellingsen og orienterte om reinseanlegget for drikkevatn. Her er under bygging nytt bygg ved Yste Hovlandselva. Vatn frå Vassbotnevatne kjem direkte inn og blir rensa. Deretter går vatnet til forbrukarane eller til eit nytt høgdebasseng på Bakkane ca 100 meter over havet. Bassenget har to kammer på 500 m3.

Anlegget vil gi betre drikkevatn i Eikefjord og auke leveringssikkerheita betrakteleg, spesielt når det er behov for mykje vatn ved brann.

Kinn kommune har søkt om utslepp av vaskevatn til Hovlandselva. Dette er påklaga og saka ligg no i direktoratet. Politikarane i salen meinte at Kinn kommune, som er miljøfyrtårn, måtte klare å få til ein annan løysing som ikkje gir utslepp til miljøet.

Anlegget er berekna ferdig i august/september og prisen er på ca 30 mill. kroner.

 

Frå Vestland fylkeskommune stilte Bjørn Andre Storøy, prosjektledar for Hovlandsvegen, og Ola Sørensen som er konsulent og prosjekterer prosjektet.

20220831 bruaI denne omgang er det strekninga frå piren til Hopen og ut i avkøyrsla i Smieret (bakken mellom inste og yste Hovland) og frå yste Hovlandselva og ut til stadion som skal utbetrast.

Strekninga Smieret til Yste Hovlandselva blir lagt inn som opsjon i anbudet og vil bli tatt dersom det skulle komme meir midlar til prosjektet. Politikarane i salen ville jobbe med dette, men også dei to andre bitane som gjenstår, frå sentrum til piren til Hopen og frå stadion og ut til krysset på RV5.

Alle kablar langs vegen vil bli lagt ned i bakken, men Telenor vil ikkje være med på laget. Leidningsnettet på nordsida av vegen vil ikkje bli tatt ned i denne omgang sjølv om koparleidningane ikkje er i bruk. Det er kun to fiberkablar som brukast.

Når bruene langs vegen blir rivne må trafikken til sentrum og sørover gå i Knapstadbakkane. Her vil vegen bli utbetra med møteplassar. Det er også beregna å sette inn buss for skuleelevar frå Hovland/Kvalvik. Denne bussen vil også ta med skuleelevar frå Knapstad og Knapstadbakkane lova prosjektledar Storøy.

Om ca to veker vil Vestland fylkeskommune gå i gang med grunnerverv. Her vil kvar grunneigar bli kontakta og Storøy håpar alt går greitt. Han håper at ein kan unngå grunnerverv og skjønn som vil forseinke prosjektet.

Etter grunnerverv vil prosjektet bli lyst ut på anbud noko som vil ta ca 3 mnd. Deretter kan vi vente oss ein anleggperiode på to år.

Trykk her: Infoside Hovlandsvegen

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2