Mange har nok høyrt at det er under planlegging ei gigantkraftline gjennom fylket. Firda presenterer idag traseane som er aktuelle og den eine går langs 132 kV lina som går gjennom Eikefjord til Grov.
Alternativet som går frå Moskog gjennom Førde, Eikefjord, Svelgen til Leivdal ved Nordfjordeid er det lengste alternativet. Eit anna går gjennom Hyen området, men kan komme i konflikt med det foreslåtte landskapsvernområdet ved Ålfoten. Eit alternativ går langs Jølstravatnet om Sandane og vidare til Leivstad. Dette alternativet går gjennom landskapet som Nikolai Astrup henta sine motiv frå.
Mastene som skal byggast er nesten 1,5 ganger så høge og dobbel så breie som dei mastene som står oppe i marka. Det blir ei ruvande line uansett kvar den blir bygd.
Les meir i Firda onsdag.