EBU og FAU skipa til foreldremøte på skulen i kveld, onsdag, der temaet var "Foreldrerolla i førebyggjande rusarbeid. Tilskiparane hadde full klaff med å ha henta inn Arne Klyve frå Bergensklinikkane som førelesar. Foredraget han heldt var engasjerande, lærerikt og underholdande og rektor Torleik Stegane nølte ikkje med å gje førestillinga terningkast 6 til applaus frå dei omlag 60 frammøtte. Klyve er forfattar av temaheftet "Foreldrerollen i rusforebyggende arbeid – æ r l i g h e t , h u m o r o g u t h o l d e n h e t" som du kan finne i pdf format på denne adressa: http://odin.dep.no/filarkiv/236648/Q-1077_Rusforebygging.pdf