
Som eit ledd i forebuingane til ei kraftlinje gjennom Sogn og Fjordane er NVE og Statnett på informasjonsturne i fylket. Dei forebelse planane berører heile 20 kommunar frå Sognefjorden til grensa mot Møre og Romsdal. Dei fleste fårstår behovet for denne linja, men ingen er interessert i at den skal gå gjennom deira lokalmiljø.
Torleik Stegane ønskte velkommen til Eikefjord og Eikefjord Skule før NVE overtok og heldt ei kort utgreiing om sakshandsaminga i prosjektet. NVE tok opp i gjen fleire ganger at skal dei kunne gjere sin jobb skikkeleg må dei få innspel frå lokalkjende om spesielle tilhøve på dei forskjellige plassane. Takhøyda er stor og alle innspel vil bli tatt med vidare i prosessen. Alle dokument i saka kan ein finne på NVE sine internettsider eller på Tenestetorget i Florø.
Høyringsfrist er 16. juni.
Statnett orienterte deretter om sjølve planane. Hovedgrunnen til at planane er trekt fram er eit framtidig behov for kraft i Møre og Romsdal. Samtidig er det eit overskudd av kraft i Sogn og Fjordane som med fordel kan transporterast til forbrukarane i Møre og Romsdal. Sogn og Fjordane har i tillegg mange småkraftverk og vindmølleparkar under planlegging. Nettet i Sogn og Fjordane har ikkje kapasitet til å ta imot alle desse og transportere krafta fram til forbrukarar.
På linja gjennom Sogn og Fjordane er det lagt opp til to relestasjonar. Førebels planlagt på Moskog og i Fardal ved Nordfjordeid. Dette betyr at det kun er på desse to plassane at ein kan koble seg til linja, for andre plassar i fylket må ein stole på det eksisterande nettet som kan forsynast frå to nye punkt.
Vidare blei det orientert om størrelsen på mastene og om dei ulike alternativa gjennom Sogn og Fjordane. Traseen gjennom Eikefjord er valgt som eit alternativ der ein ikkje går gjennom planlagde verna område og at ein kan gå ved sida av allerede eksisterande linje. Alternativet er det lengste og med ein kilometerpris på 3,5 mill. er nok dette eit alternativ som Statnett tyr til dersom det ikkje er mulig å finne ein trase i indre delar av Sunnfjord.
Mastene som skal byggast er store. Omtrent 20 meter bredde på traversen på toppen av maste som er 25 - 30 meter høge. I tillegg til den oppgitte høgde ruver travers og mast for jordingsledning ca 4,5 meter over den oppgitte høgda. Dette gir ei totalhøgd på masta på mellom 30 og 35 meter, og dersom spesielle lokale forhold tilseier det vil dei bli enda høgare.
Når mastene skal byggast i lia ovanfor dei eksisterande mastene må ein gjere rekne med at høgda blir noko høg for at det øverste ledningssettet skal ha nok høgde over bakken.
Det største såret i naturen er likevel traseane som må ryddast for skog. Dersom ein bygger den nye linja med minimumsavstand til den eksisterande 132kV linja på 15 m må det ryddast skog i eit belte på minimum 55 meter ved sidan av eksisterande master.
I spørsmålsrunda meinte Odd Næs at prosjektet også skal gi kraft til fylket om 50-60 år. Han meinte at linja måtte gå om Høyanger og Daleområdet og vidare nordover til Grov slik at Lutelandet og anna industriutbygging i Ytre Sogn/Sunnfjord kunne være sikra kraft i framtida, det ville også opne for eksport av vindkraft frå ysten. Statnett viste til at det var kun er planlagt to tilkoblingspunkt og at Sogn og Fjordane Energi var med å planlegge kor desse skulle plaserast.
Fleire av dei som tok ordet meite at linja ville bli svert skjemmande i eit område som idag har heile 3 kraftlinjer med ulik kapasitet. Det vil i tillegg bandlegge store område som ikkje kan brukast til skogsdrift.
Lars Terje Standal orienterte om prosessen i Flora Kommune. Kommunen er takksame for innspel og det er Knut Svendsen som er kontaktperson. Plan og miljø vil behandle saken på møte den 13. eller 20. juni.