ImageDet vart varsla lyngbrann inne på trafostasjonen på Grov i ettermiddag. Alarmen til brannvesenet i Eikefjord gjekk kl 16:53 og alle tilgjengelege rykte ut. Kl 17:25 melde ansvarshavande at brannen var under kontroll.

Eikefjord Brannvesen hadde 8 mann og 3 biler på plass. Til alt hell kom ein ansatt i Ytre Fjordane forbi slik at han kunne låse opp og sleppe brannfolkene inn på området som er innegjerda. Dette hjelpte til slik at brannen kom raskt under kontroll.
Det er ikkje moro p bruke vatn her inne, seier Brannbefal Ottar Akselsen, mykje spenning i desse ledningane. I tilfelle spredning vidare utover kalla han inn ekstra tankvogn frå Florø.

Det vil bli en del ettersløkking utover kvelden.

 

Image

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2