
Juniorene kom til 32 dels finalen der dei tapte 29 - 26 mot Kjelsås, Eikefjord hadde fleire muligheter og ta seieren i denne kampen men måtte dessverre sjå at det ikkje gjekk denne gangen.Men dette var juniorene sin beste kamp - dette lover godt for framtida
Eikefjord stiller med senior lag for første gang, dei kom vidare frå gruppespill og spilte mot Ytrebygda i 16 delsfinalen, dei lå under med 9 poeng når det stod 4 minutter igjen av kampen og etter ein kraftanstrengelse vant Eikefjord med 6 poeng. Eikefjord skal søndag morgon spele 8 delsfinale. Der skal dei møte Haugesund.
Eikefjord basket senior herrer møtte Haugesund i 8 delsfinalen, Haugesund viste seg å være eit samansatt lag med russiske spillere. Det vart ein tøff kamp , der vi vekslet om å leiinga i 1 omgang. I 2 omgang begynte Haugesund å treffe på ein del 3 poengere som vi ikkje klart å svare på, vi tapte til slutt med 10 poeng. I denne kampen spilte og to juniorer Kjetil Hafstad og Sveinung Grøneng Havn, Sveinung putta 4 poeng, dei gjorde ein god kamp.
Alt i alt hadde vi ein god helg, juniorlaget hadde ein fin framgang i kvar kamp.
Hei, vil informere om at Eikefjord basket i samarbeid med Hordaland basketballkrets og Norges basketballforbund skal arrangere aktivitetsleiarkurs i Florø lørdag 25 april kl. 13.00 - 19.00 og søndag 26 april kl. 10.00 - 17.00. Her vil spillere frå Eikefjord basket delta saman med nyoppstarta Svelgen basket. Kurset vil foregå i den nye idrettshallen i Florø. Vi er opne for at andre kan delta men da må de melde si interesse til meg på [email protected] innan torsdag 23 april og være over 15 år.