Jentelaget storspelte i kveldens treningskamp på stadion. Dei spelte til tider mykje bra fotball. Pasningsspelet var nydeleg i enkelte angrep frå heimelaget. Innsatsen var som vanleg på topp hos eit jentelag som køyrde Tambarskjelvar veldig hardt gjennom heile kampen. Fleire av spelarane viste til tider fram fint teknisk spel.

 

Eikefjord pressa på i frå byrjinga, og fekk til slutt utteljing etter ti minutt. Elin Margrethe Sørbø opna scoringsshowet for Eikefjord. Marthe Leversund scora 2 og Elin Margrethe Sørbø 1 mål til, og fastsette pauseresultatet til 4-0 til Eikefjord.

 

I 2.omgang var det litt meir krut i Tambarskjelvar som kom seg til litt fleire avslutningar. Etter litt tok Eikefjord grepet om kampen igjen og varta opp med flott spel. Dei avslutta til slutt andre omgang med 5 nye mål av Tanita Butz(2), Caroline Øren(2) og Marte Barlund(1). Eikefjord vann då til slutt 9-0.

 

Trenarane Per Øyvind Sørbø og Anette Barlund var også veldig fornøgd med kampen til jentene. Dei gler seg no stort til sesongstart.

 

Scoringar:

1-0 Elin Margrethe Sørbø

2-0 Marthe Leversund

3-0 Elin Margrethe Sørbø

4-0 Marthe Leversund

5-0 Tanita Butz

6-0 Tanita Butz

7-0 Caroline Øren

8-0 Caroline Øren

9-0 Marte Barlund

jentelaget_lagbilde

Skrive av: Benjamin Osland Hellesen Heimset

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2