Verdiar for mellom 100.000 kroner og 150.000 kroner, i hovudsak redningsdrakter og sengetøy, har forsvunne frå ein garasje knytt til Osen gard ved Svardalen i Flora. Sidan dette har skjedd i eit område med relativt lite ferdsel har politiet eit bra håp om at folk i området kan ha sett noko, så dei ber om hjelp til å oppklare det heilt spesielle tjuveriet frå vitner som kan ha sett noko i perioden 15. mars til 5. april. Redningsutstyret skriv seg frå sementbåten Conberria som grunnstøytte ved Stabben i november.