Det var omlag 35-40 ungdom som var samla til Lan på Eikefjord skule i helga. Kjekt at så mange kom. Tilbakemeldingane var gode og arrangørane har mange å takke! Vi la opp til konkurransar og trekking av premiar til dei som var med. Dette falt godt i smak hos ungdommen.
Vi har intervjua tre som var med på LAN: Adrian, Bjørn Andreas og Ørjan. Kvifor LAN? Det er veldig sosialt og kjekt å komme saman. Vi kan spele online, men det er mykje betre å sitje saman med mange andre ungommar. Kor tid og kor ofte bør ein ha LAN? Det er veldig lurt å ha før ein ferie. Vi spelar jo nesten døgnet rundt, og treng nokre dagar å komme oss på. To gonger i året held. Vi har litt LAN heime og. Var det fornøgd med årets LAN? Ja, det er vi. Opplegget var veldig bra. Veldig god datakapasitet. Kiosken var også veldig bra med gunstige prisar og utval.
Arrangør 9.kl er veldig fornøgd og vil takke:
EIKEFJORD ELEKTRO ved Arnstein Aa og Cato Hallsteinsen! Tusen Takk for all hjelp og lån av utstyr!!!
Eikefjord skule for lån av skulen!
Larsen Kontor og Data Florø
Steinvik Fiskefarm Ved Alex Vassbotn
Fjord Pipe Eikefjord
Spar Eikefjord
Sparebanken Sogn og Fjordane
Coop ekstra Førde
Peppes Pizza Førde
Elkjøp Førde