Intensjonen med plansmia i 2011 var at ein skulle sette Norgesrekord i planlegging. I staden har vi fått Norgesrekord i nedprioritering, sommel og rot. Vi må berre få lov til å gratulere Flora kommune.

 

Plansmia engasjerte folket i Eikefjord og folk tok seg fri frå jobbane sine og stilte opp. Starten på prosessen var lovande, men så skulle kommunen ta over og halde oppe framdrifta. Eikefjord vart nedprioritert for å få ferdig planer i Florø, deretter opplever eikefjordingane sommel og rot. Det siste er at plansjefen innrømmer at avdelinga har gløymt å sende planen til fylkeskommunen, fylkesmann og vegvesenet for uttale.

Planen kan no tidlegast behandlast i bystyret i oktober. Kva år sa plansjef ikkje noko om så her får vi berre vente i spenning.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2