For oss eikefjordingar har20140525-250-stein fjellet vore ein fin utfartstad i lokalmiljøet og er det i høgaste grad endå. No er det skjeldan ein ikkje møter folk nesten kor ein går på dei merka stiane, og merka stiar blir det fleire av.

På Storebru er det også igang merkeprosjekt der nokre av turane skal knyte seg saman med stiane frå sentrum.

 

Dette året har også folk utanfrå bygda fått augene opp for det flotte turterrenget vi har. Rasteplassen er kvar helg full av bilar og standard turen er - opp på Eikefjordstøylen - ut på Hovlandstøylen og ned igjen.

Tar ein med seg kart er det mange andre ruter ein kan gå oppe på fjellet. Terrenget er ikkje utfordrande og ein kjem seg fram dei fleste plassane om ein ikkje oppsøker det brattaste terrenget. Nede i lia nedanfor støylane kan det være verre med hamrelag så her er det best å holde seg i opptrakka stiar om ein ikkje er lokalkjend.

Bildet over er tatt mellom Knapstadstøylen og Eikefjordstøylen - ikkje i den merka løypa, men ein fin tur lengre oppe i terrenget, fem - ti min frå Eikefjordstøylen.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2