I år vert 17.mai festen i Eikefjord på Allhuset.
Leikar for barn, ungdom og vaksne skal avviklast i området rundt Allhuset. Det vert derfor ikkje mogleg å parkere oppe ved sjølve bygget eller på den store parkeringsplassen. Vi oppmodar om at ein parkerar i sentrum og ved skulen.
Programmet er klar og vil verte lagt ut her på eikefjord.net og hengt opp rundt om i bygda. Programmet og tidspunkta er som det brukar å vere. Tradisjon er viktig:)
Vi har derfor hyra inn dei beste til å halde i hevd rømmegrauttradisjonen.
Målet er sjølvsagt at grytene er tomme når dagen er omme.Vi håpar at flest mogleg kjem på cafèen på Allhuset og kjøper seg bygdagraut. For oss som lagar til, er det viktig at alle støttar opp om arrangementet.
Arrangør er 5. og 8.klasse ved Eikefjord barne-og ungdomsskule, i lag med deira føresatte /foreldre.