Eikefjord Grendalag og kommunen inviterte til informasjonsmøte om Eikefjord og dei mulighetene som ligg i grenda. Det var fokus på tomter og nye byggefelt og ikkje minst rekkefølgekrav der bygging av gang/sykkelveg vil gi store ekstrakostnader til prosjektene.
På grunn av innsigelse frå fylkesmann er Lyngnestet ute av planen, men kommunen opplyste at tomter i Sørgardfeltet vil bli lagt ut salg allereie kommande uke.
Gang/sykkelveg frå sentrum til Kvalvik var også i fokus. Denne vil bli detaljplanlagt neste år og kan deretter stille seg i køen for å få fylkeskommunale midler. Dette prosjektet vil utløyse fleire tomter som er planlagt i Havn/Kvalvik området.
Banksjef Arvid Andenes meinte at ein også må sette fokus på næringar for å få større vekst. Eikefjord har alt der dei ligg midt i Sunnfjordaksen.
Kommunedelplanen viser at det er lagt til rette for meir utbygging på Nesjane, både aust og vestover.
Det var også satt fokus på utleige av hus og leiligheter. Pr idag er det minst 3 familier som har valgt Eikefjord som ein plass der dei kunne tenkt seg å bu. Grendalaget kunne tenke seg eit system for å ha oversikt over utleigeenheter. Dette bør på plass fort for å lette arbeidet med å finne plass for dei som ønsker å bu i bygda.