Det vert OPEN DAG på STEINVIK FISKEFARM VISNINGSSENTER LAURDAG 30. MAI kl. 11-17.
I fjor hadde vi heile 630 besøkande på open dag – utruleg kjekt! Dette beviser at arrangementet vårt er liv laga og veldig populært. Også er det eit familiearrangement og GRATIS for alle!
KOM , SJÅ OG OPPLEV : fisken i mærane, oppdrettsutstillinga, fiskekonkurranse for born (vi held fiskeutstyret, men ta med redningsvestar for dei minste 0-5 år), veteranbilar og amcar-bilar, båt-turar, Røde Kors, Svanøy Røykeri-stand, quiz, sal av grilla laks m.m. og sjølvsagt trekking av flotte premiar. Dyktig speaker med høgtalaranlegg vil vera på plass i år også – slik at alle får god info. Og kanskje andre spennande ting også!
Det er mykje folk og mange aktiviteter på Steinvik denne dagen
Mange flotte veteranbilar er stilt ut rundt om på heile området.
Visningssenteret har opne dører og her finn ein mykje informasjon om fiskeoppdrett
Ein tur på fjorden med hurtiggåande båt og litt sjøsprøyt er moro
Sjå etter annonser, plakatar, avisinnslag, heimesida og facebooksida vår, og andre påminningar på nett når det nærmar seg.
Og sjølvsagt : GRATIS INNGANG FOR ALLE !
Håpar de vil hjelpa oss med å SPREIA DEN GODE BODSKAPEN vidare ! VELKOMMEN !